Eg ønskjer å hjelpe deg med å finne gode vanar som passar inn i ditt liv og din kvardag. Eg har sjølv god erfaring med Roede-metoden og veit kva det betyr å ha støtte og motivasjon på vegen mot eit mål. For meg handlar ei livsstilsendring om matglede, meistring og balanse – ikkje om å vere perfekt. Saman finn vi gode og realistiske grep som du kan leve godt med over tid. Eg skal støtte, motivere og heie på deg heile vegen mot DITT mål!